Oppstartsmøte

Forsking viser at analyse av situasjonen i skulen før endringsarbeidet settast i gang, aukar sjansane for at tiltaka fører til målet. God bruk av analyseverktøy skaper arenaer for refleksjon og utvikling av ein felles kultur (Udir.no, Rammeverk for skolebasert kompetanseutvikling 2013-2017).

Prosjektgruppa har eit overordna ansvar i samarbeid med skuleleiar for å planlegge og setje i verk denne skulebaserte kompetansehevinga i skriving. I ressursane for oppstartsmøtet ligg ei lenke til eit dokument  som meir detaljert beskriv mål og oppgåver for prosjektgruppa i gjennomføringa av Skrivestien.

Læraren er det viktigaste og avgjerande leddet i denne kompetanseutviklinga i skriving som grunnleggande ferdigheit. Læraren er den som i det daglege møtet med elevane skal utvikle ny og betre praksis i skriveopplæringa si. Last ned mål og oppgåver for læraren frå ressursbanken til oppstartsmøtet.