Skriving som grunnleggande ferdigheit

I kunnskapsløftet er skriving løfta fram som ein av fem grunnleggande ferdigheiter. Dette inneber for eksempel at skriving er ein reiskap for å utvikle kunnskap i alle fag, samtidig som ein gjennom skriving viser måloppnåing i faga (Udir.no, skriving som grunnleggande ferdigheit). Forsking viser at dette ikkje fullt ut er forstått i skulen. Mange har tolka grunnleggande ferdigheiter som noko elementært som elevane gjer seg ferdige med dei første åra på barneskulen, og ikkje som ferdigheiter som skal utviklast vidare gjennom heile skuleløpet. Ei gjennomgripande skriftleggjering av samfunnet fører til auka krav til skriftkunne og komplekse språkferdigheiter i alle sektorar av samfunnet. Det krev at alle tileignar seg avanserte og utfordrande lese-, skrive- og muntlege ferdigheiter (Berge, 2005).