Skriv mykje i alle fag på faget sine premiss, og bruk skriving i tileigninga av kunnskap

Skriving er eit viktig verktøy for å forstå og tileigne seg eit fag, samtidig som elevane må lære seg å skrive på faget sine premissar. Kvart fag har sin eigen terminologi, sine eigne teksttypar og sine eigne skrivemåtar, og dette er noko elevane må lære. Dette inneber at alle lærarar er skrivelærarar! Elevane må få bruke skrivinga som ein reiskap for å lære, og dei må dessutan få eksplisitt opplæring i korleis dei skal skrive i kvart enkelt fag.