Gjer elevane til strategiske skrivarar

Skrivestrategiar kan ein definere som prosedyrar og teknikkar som skrivarar bruker for å gjennomføre ei skriveoppgåve (Hertzberg 2006). Skriveforsking viser at undervisning i skrivestrategiar er det mest effektfulle vi kan gjere for å utvikle skrivekompetansen til elevane. Det dreier seg om å vise fram for elevane kva for prosedyrar og teknikkar som er formålstenlege å bruke i dei ulike fasane av skriveprosessen.