Skap eit klasserom der ein diskuterer tekst og skriving

Skriveforsking har vist at det å gje elevane eit metaspråk om tekst og skriving har særs god effekt på utviklinga av skrivekompetansen til elevane. Lærarane som lykkast best som skrivelærarar, er dei lærarane som får til ein kontinuerleg klasseromssamtale om skriving og tekst. For å lykkast med skrivinga må elevane lese, skrive og ikkje minst snakke om tekst.