Lag ein skriveplan for skulen

Ein skriveplan vil sikre at skulen arbeider systematisk med skriving som grunnleggande ferdigheit. Ein slik plan systematiserer og synliggjer kva som bør vere sentralt i arbeidet med å utvikle skrivekompetansen til elevane. Planen må vere basert på kompetansemåla i Kunnskapsløftet. Han skal kvalitetssikre arbeidet med skriving som grunnleggande ferdigheit på kvart trinn, og i tillegg legge vekt på god progresjon gjennom alle trinn.